Veiviser til regelverk for virksomheter

Om Regelhjelp.no

På Regelhjelp.no kan du finne ut kva for krav som gjeld for din bransje innanfor mange forvaltningsområde.

 
Kva er Regelhjelp.no?
Regelhjelp.no skal gjere det enklare for deg og di verksemd å finne fram i regelverket på følgjande område:
  • arbeidsmiljø
  • brann- og eksplosjonsvern
  • dyrevern
  • dyre-og plantehelse
  • elektriske anlegg og utstyr
  • forbrukartenester
  • forureining
  • industrivern
  • mattryggleik
  • produkttryggleik

Du finn også samordna informasjon om internkontroll etter hms-regelverket og matlova.

Myndigheitene presenterer her kva for krav som gjeld for dei ulike bransjane. Du kan altså halde deg oppdatert om kva for krav som gjeld for di verksemd gjennom Regelhjelp.no, utan å sjølv måtte leite i lover og forskrifter. Så er det opp til deg å følgje regelverket.
 
Direktoratet for Arbeidstilsynet (DAT)
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)
Mattilsynet
Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO)
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)
Helsedirektoratet
 

Neste år vil krav nettstaden og vise regelverkskrava til Statens strålevern og Direktoratet for Mineralforvaltning med Bergmesteren for Svalbard .

Kva for krav vert presentert?

Myndigheitene har prioritert kva for krav i lover og forskrifter innanfor områda nemnt ovanfor som verksemdene skal kjenne til og handle i tråd med. Vi har valt ut dei viktigaste krava som gjeld for din bransje. Det tyder ikkje at alle andre krav kan ignorerast. På kvar bransjeside er det difor lenke til andre relevante krav for bransjen. Det kan også vere at ditt føretak famnar om fleire bransjar. Da må du gå inn på kvar aktuell bransje og sjå kva for krav som gjeld.


Verksemdene har ansvar for å kjenne regelverket
Ver merksam på at det er ditt ansvar å vere kjend med alt regelverk som er aktuelt for deg. Sidene vert  oppdatert regelmessig. Vi tek atterhald om at feil kan oppstå. Ta kontakt med oss dersom du er i tvil. Du kan elles abonnere gratis på nyheitsmeldingar om regelverksendringar som gjeld din bransje.
 
Kva for bransjar er omfatta?
Nettstaden har no informasjon om 58 bransjar. Bransjane er sorterte og valde ut etter næringskodene i Enhetsregisteret i Brønnøysund (NACE).
 
Korleis finne fram på nettstaden?
Om du vil finne dei regelverkskrava som gjeld ditt føretak, kan du gjere det på tre måtar:

Jobbar du med noko som kan omfatte fleire bransjar, må du gå inn på kvar aktuell bransje for å sjå krav som gjeld verksemda di.

Du kan også navigere med menyen på toppen av sida. Vel for eksempel Emne A-Å, og få opp informasjon om ulike emne uavhengig av bransje.

Korleis kontakte oss?
Har du spørsmål om nettsidene, ta kontakt på e-post: kontakt@regelhjelp.no

Har du spørsmål til lovverket eller krava som gjeld di verksemd, ta kontakt med den som er tilsynsmyndigheit. Kven som er tilsynsmyndigheit står på alle emnesider. Om du er i tvil, kontakt redaktøren av nettstaden eller ein av etatane som står bak.
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Arbeidstilsynet