Som eigar av byggverk, område, transportmiddel, produksjonsutstyr eller anna innretning eller produkt pliktar du å sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller anna ulykke.
Krav om internkontroll og dokumentasjon
Eigaren pliktar å sørgje for nødvendige førebyggjande sikringstiltak og ettersjå dei gjennom systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (internkontroll) i samarbeid med verksemdene i brannobjektet. Eit brannobjekt er definert som bygning, konstruksjon, område, opplag, anlegg o.a.
Som eigar av eit brannobjekt der du sjølv driv verksemd eller leiger ut lokale til andre, vil krava til verksemd etter internkontrollforskrifta gjelde for deg og verksemda di. Ved internkontrollrutinar innanfor brannvern må avvik identifiserast og tiltak setjast i verk. Målsetjingar, risikoanalysar o.a. er viktige element i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet som skal dokumenterast. Brannsikkerheit må byggje på heilskapsvurderingar og omfatte både tekniske og organisatoriske tiltak.
Dokumentasjon av brannsikkerheit
Brannsikkerheita i brannobjekt utgjer eit viktig fundament i det totale HMS-arbeidet til bygningseigaren.
Som eigar må du kartleggje, vurdere og dokumentere at brannobjektet er bygd, utstyrt, vedlikehalde og brukt i samsvar med
- føresetnader som gjekk fram av regelverket då ferdigattesten i byggjesaka blei gitt
- tilleggskrav som går fram av gjeldande brann- og eksplosjonsvernlovgiving om førebygging av brann, som mellom anna stiller krav om at eldre bygningar (oppførte før 1985) skal oppgraderast til dagens sikkerheitsnivå
- krav til rutinemessig kontroll, ettersyn og vedlikehald av brannsikringstiltak, installasjonar, utstyr, bygningsdelar, fyringsanlegg o.a.
Etablering av samarbeidsavtalar
Som eigar må du etablere samarbeidsavtalar med verksemder/brukarar som leiger brannobjektet eller lokale i brannobjektet.
Særskilde brannobjekt
Brannobjekt med fare for tap av mange liv skal registrerast av kommunen som særskilt brannobjekt etter brann- og eksplosjonsvernlova § 13. Det gjeld
- hotell og overnattingsstader
- sjukehus/sjukeheimar
- serveringsstader
- messer/fleirbrukshallar
- liknande bygningar.
Brannvesenet fører tilsyn med desse bygningane og kan gi pålegg om å rette avvik.
Dokumentasjon ved særskilde brannobjekt
For særskilde brannobjekt er det i tillegg til krava i internkontrollforskrifta ei særskild plikt for eigaren/verksemda å dokumentere eit system som tilfredsstiller lovgivinga innanfor brann- og eksplosjonsvern på områda
- dokumentasjon av sikkerheit
- brannvernleiar
- opplæring og brannøvingar
- instruksar og planar o.a.
- beredskapsplan
- vakt eller anna overvaking
- unormal eller sterkt varierande risiko.
For særskilde brannobjekt er det òg gitt særskilde plikter for
- personsikkerheit
- materiell sikkerheit
- sløkkjevatn.
Publikasjoner
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: