Veiviser til regelverk for virksomheter

Brannvern – krav til verksemd eller brukar

Som eigar av byggverk, område, transportmiddel, produksjonsutstyr eller anna innretning eller produkt pliktar du å sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller anna ulykke.
 

Verksemda/brukaren skal rapportere til eigaren av brannobjektet om alle forhold som har noko å seie for brannsikkerheita. Eit brannobjekt er definert som bygning, konstruksjon, område, opplag, anlegg o.a. Eigaren av eit brannobjekt har hovudansvar for å dokumentere at det er forskriftsmessig bygd, utstyrt og vedlikehalde med tanke på brannsikkerheit. Sjå krav til eigaren av eit  brannobjekt.

 

Internkontroll

Verksemda di eller den som bruker brannobjektet/bygningen, skal gjennom internkontroll innrette seg slik at brann ikkje lett kan oppstå, og slik at sikringstiltak og sikringsinnretningar verkar som dei skal. Verksemda/brukaren skal òg sjå til at bygningstekniske brannverntiltak og andre sikringstiltak ikkje forfell.


Verksemda eller brukaren av brannobjektet skal gjennomføre systematiske tiltak som sikrar at aktivitetane til verksemda blir planlagde, organiserte, utførte og ettersett i samsvar med krav som er fastsette i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga.


Dersom eigaren ikkje sjølv bruker brannobjektet, må han sørgje for å fordele oppgåvene mellom seg og verksemder/brukarar gjennom tilsyns- og samarbeidsordningar, tilbakemeldingar, kostnadsfordeling og anna. 


Dokumentasjon og rutinar

Etter brann- og eksplosjonsvernlova § 8 og internkontrollforskrifta skal verksemda kunne dokumentere at lova, forskrifta og enkeltvedtak er følgde. 

 

I tillegg til rutinar som krev samarbeid med den som eig brannobjektet, skal leiaren av verksemda sørgje for at verksemda oppfyller krav i internkontrollforskrifta om
  • mål for internkontrollarbeidet
  • klare ansvarsforhold i internkontrollarbeidet i eiga verksemd
  • risikoanalyse
  • opplæring
  • avviksbehandling
  • systematisk overvaking av aktivitetane / internkontrollar for å sikre at alt verkar som det skal.

Publikasjoner

Regelverk

Bransjer som har tilleggsinformasjon

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet