Skal du drive detaljhandel og ønskjer å selje alkoholhaldig drikk, må du søkje om salsbevilling frå den kommunen forretninga ligg i.
Kommunen gir bevilling til den juridiske eininga som har den direkte økonomiske interessa i, og ansvaret for, salet av alkohol. Du kan få bevilling for inntil fire år av gongen. Du kan også få bevilling for ein bestemt del av året og for ei bestemt anledning.
Bensinstasjonar og kioskar kan ikkje selje alkohol
Kommunen har ikkje anledning til å gi salsbevilling for alkoholhaldig drikk til bensinstasjonar eller kioskar.
Du har ikkje krav på å få bevilling frå kommunen. Det er opp til kommunen å vurdere om ein søkjar skal få bevilling, men kommunen må grunngi eit eventuelt avslag.
Ei kommunal salsbevilling gir berre rett til sal av alkoholhaldig drikk i gruppe 1: drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol.
Bevillingshavar må ha uklanderleg vandel
For å få salsbevilling må bevillingshavar og personar med vesentleg innverknad på verksemda ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova, samt skatte- og avgifts- og rekneskapslovgivinga.
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha uklanderleg vandel og bestå kunnskapsprøva
For kvar bevilling må de utpeike ein styrar, og ein person som kan tre i staden for styrar når han eller ho ikkje er til stades. Desse må ha uklanderleg vandel i forhold til alkohollovgivinga og bestemmingar i anna lovgiving som har samanheng med formål i alkohollova.
Styrar og person som trer i staden for styrar, må ha godkjenning av kommunen som bevillingsmyndigheit, dei må vere over 20 år, og dei må ha bestått kunnskapsprøva. Denne prøva kan dei avleggje hos kommunen.
Styrar og person som trer i staden for styrar, må vere tilsett i forretninga, eller dei må jobbe der i kraft av si eigarstilling. Det er berre den som har styringsrett over salet, som kan utnemnast til styrar.
Om styrar sluttar, må du som bevillingshavar straks søkje kommunen om godkjenning av ny styrar.
Krav til internkontroll
Om du får salsbevilling, må du sørgje for at verksemda har tilstrekkeleg godt internkontrollsystem.
Meir om internkontroll
Aldersgrenser, salstider og andre krav ved sal av alkohol
Sal av alkohol må heile tida vere i tråd med dei vilkåra som er gitt i bevillinga, i alkohollova og forskrifter til alkohollova, og elles gå føre seg på ein forsvarleg måte.
Det inneber at de må følgje salstider, aldersgrensebestemmingar for den som sel drikken, reglar om plassering av alkohol, alkoholreklameforbodet med meir.
Det er viktig å merke seg at det ikkje er tillate å selje alkohol til mindreårige (personar under 18 år), eller til personar som openbart er påvirka av alkohol.
Inndraging av bevilling
Om de bryt vilkåra, kan kommunen inndra (ta frå dykk) bevillinga for kortare eller lengre tid. Kommunen kan som hovudregel også inndra bevillinga dersom de ikkje har nytta ho i løpet av det siste året.
Utviding av salsbevilling - innførsel for sal i eiga verksemd
Om du har kommunal salsbevilling for alkohol eller ønskjer å starte opp denne type verksemd, kan kommunen etter ei vurdering utvide ei salsbevillinga til å omfatte innførsel av alkoholhaldig drikk for sal i eiga verksemd.
Kommunen kan gi ei slik utvida bevilling samtidig med eller som tillegg til ei allereie eksisterande salsbevilling. Myndigheitene stiller ikkje ytterlegare krav for å ha ei slik utvida bevilling enn dei som gjeld for salsbevillinga.
Ei bevilling kan berre utvidast til å omfatte innførsel av alkoholhaldig drikk i gruppe 1: drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol.
Gjeld kun for lokalt sal
Om de har løyve til å innføre alkoholhaldig drikk, kan de berre selje drikken ved salsstaden som har den salsbevillinga løyvet er knytta til. De kan ikkje omsette drikken på annan måte.
Bevillingar for ein bestemt del av året eller for ei enkelt bestemt anledning kan ikkje utvidast til å omfatte innførsel for sal i eiga verksemd.
Eigne krav i avgiftsregelverket
Avgiftslovgivinga har eigne bestemmingar om særavgift, registreringsplikt og tryggingsgaranti for forretningar med løyve til å innføre alkoholhaldig drikk for sal i eiga verksemd. Det er Tollvesenet som forvaltar denne lovgivinga.
Publikasjoner
Regelverk
-
Alkoholforskriften kap 2, 3, 5, 6, 8 og 14
-
Alkoholloven §§ 1-4a, 1-4b, 1-5, 1-6, 1-7, 1-7b, 1-7c, § 1-10, kap. 3 og 9
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: