Om du har kommunal skjenkebevilling for servering av alkohol eller ønskjer å starte opp denne type verksemd, kan kommunen etter ei vurdering utvide skjenkebevillinga.
Kommunen kan utvide skjenkebevillinga til å omfatte:
- tilverking av alkoholhaldig drikk som inneheld over 2,5 og mindre enn 22 volumprosent alkohol til skjenking i eiga verksemd
- innføring av alkoholhaldig drikk for skjenking i eiga verksemd
Kommunen kan gi slik utvida bevilling samtidig med eller som tillegg til ei allereie eksisterande skjenkebevilling. Myndigheitene stiller ikkje ytterlegare krav for å inneha ei slik utvida bevilling enn dei som gjeld for skjenkebevillinga.
Innføring av alkohol
Ei bevilling kan berre utvidast til å omfatte innføring av dei same drikkane som de har bevilling til å skjenke.
Om de har løyve til å innføre alkoholhaldig drikk, kan de berre skjenke drikken ved den skjenkestaden som har den skjenkebevillinga løyvet er knytt til. De kan ikkje omsetje alkoholen på anna måte.
Løyve til innføring kan ikkje gis til skjenkebevilling for ein bestemt del av året, ei enkelt høve eller til ambulerande bevilling for slutta selskap.
Tilverking av alkohol
Ei bevilling kan berre utvidast til å omfatte tilverking av dei same drikkane som de har bevilling til å skjenke. Kommunen kan ikkje gi utvida bevilling for brennevin.
Om de har løyve til å tilverke alkoholhaldig drikk, kan de berre skjenke drikken ved den skjenkestaden som har den skjenkebevillinga løyvet er knytt til. De kan ikkje omsetje alkoholen på anna måte.
De kan også få utviding av kommunal skjenkebevilling for tilverking for skjenking i eiga verksemd for ein bestemt del av året eller for ei enkelt bestemt høve, for eksempel til gardar som har turisme og selskapsarrangement som tilleggsverksemd og berre treng skjenkebevilling ved dei enkelte arrangementa.
Formålet med løyve til lokal tilverking av alkohol
Bakgrunnen for ordninga er å fremje potensialet som ligg i kombinasjonen lokale tradisjonar og næringsutvikling generelt, og forholdet lokal mat, drikk og turisme spesielt.
Det er eit vilkår at tilverkinga står fram som del av det heilskaplege tilbodet og karakteren til serveringsstaden. Kommunane står like fritt når dei behandlar søknader om utvida bevilling til å omfatte tilverking, som dei står når dei behandlar søknader om ordinær skjenkebevilling.
Ordninga er meint å gi små verksemder muligheit til å få tilverkingsløyve på ein måte som er enklare å administrere og rette seg etter enn statleg tilverkingsbevilling og registrering som importør etter særavgiftsforskrifta.
Krav til registrering ved tilverking av alkohol
Det er viktig å vere merksam på at bevillingshavar må kontakte Tollvesenet og Mattilsynet for registrering før verksemda produserer alkoholhaldig drikk.
Eigne krav i avgifts- og næringsmiddelregelverket
Avgiftslovgivinga har eigne bestemmingar om særavgift, registreringsplikt og tryggingsgaranti for verksemder som fører alkoholhaldig drikk inn i landet. Det er Tollvesenet som forvaltar dette regelverket.
Hotell- og restaurantverksemd som får kommunalt løyve til tilverking av alkoholhaldig drikk, må også følgje regelverket for produksjon av næringsmiddel.
Publikasjoner
Regelverk
-
Alkoholforskriften kap 2, 4, 5, 6, 8 og 14
-
Alkoholloven §§ 1-4a, 1-4b, 1-5, 1-6, 1-7, 1-7b, 1-7c, 1-10 og 1-8, samt kap. 4 og 9
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: