Veiviser til regelverk for virksomheter

Dyreparkar

Dyr skal disponere eit areal som er mest mogleg likt dyret sitt naturlege miljø. Myndigheitene stiller også krav til storleiken på arealet kvart enkelt dyr skal ha.
Dyra skal disponere areal med ein topografi og vegetasjon som er mest mogleg lik den naturlege biotopen til sin art. Planteetarar bør ha hegn med vegetasjon som inngår i naturleg føde. Fôringsplassen skal normalt ha fast dekke.
 
Hegn skal gi moglegheiter for aktivitetar som passar arten, (for eksempel graving for kanin, rev, ulv, og bjørn, klatring for apar, bjørn, jerv, mår og gaupe eller bading for bever, oter og bjørn). Dyra skal til einkvar årstid få tilfredsstilt behovet for mosjon, så dyr som må stå innomhus om vinteren, må ha åtgang til luftegard. Damanlegg må ha god vasskvalitet. Enkeltdyr skal kunne skjule seg for publikum og skjermast for høg støy. Gjerde skal hindre publikum i å kome inn til dyra og vere rømmingssikre. Dei må under normale høve ikkje kunne påføre dyra skade, og det må ikkje brukast elektrisk gjerde som hovudgjerde.
 
Opphaldsrom for dyr i dyreparkar
Dyr skal ha tilstrekkeleg ly mot sol, vær og vind, om nødvendig i form av oppvarma hus. Arktiske artar kan på si side ha behov for åtgang til nedkjøla opphaldsstad.
 
Innomhus anlegg må sikre dyra klima- og lysforhold som er tilpassa arten og frie for trekk, og tørr liggjeplass med passande underlag. Forskrift om dyrepensjonat og dei ulike forskriftene for hald av dyr er retningsgivande for utforming av og storleik på dei innomhus anlegga.
 
Til dyr med vintersøvn må de finne eigna kunstig eller naturleg frostfritt hi. Framvisning av oppstalla dyr under innomhus vinterforvaring er normalt ikkje tillate, og i tilfelle berre i store framvisningsanlegg etter særskilt løyve.
 
Les meir i dyrevernlova §§ 2, 4, 5a og 7.

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Mattilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet