Det sjuke eller skadde dyret må ikkje stressast eller drivast unødig i samanheng med avlivinga.
De må leggje vesentleg vekt på omsyn til dyrevern ved nødslakting av sjuke og skadde dyr.
Om skadane eller sjukdommen til dyret gjer at det av omsyn til dyrevern ikkje kan flyttast før avliving, må de avlive dyret direkte på den staden det står eller ligg.
Ved nødslakting skal omsyn til dyrevern alltid vege tyngre enn omsynet til slakteverdien til dyret. Det betyr at du kan kome i ein situasjon der det avliva dyret ikkje kan nyttast til mat for menneske. Eksempel på dette kan vere tilfelle:
- Der dyret må avlivast utan opphald, men eigar ikkje har klart å få kontakt med veterinær. I slike tilfelle kan eigenerklæring ikkje nyttast fordi slaktinga ikkje har skjedd ”i samråd med veterinær”.
- Der dyret har vore sjukt over noko tid og sjukdommen har blitt meir akutt, eller tilkommande smertefull fysisk skade gjer at dyret må avlivast før veterinær kan undersøkje dyret. I slike tilfelle kan du ikkje nytte eigenerklæring fordi dyret ikkje var ”fullstendig friskt før skaden kom”.
- Der dyret utan opphald, og utan veterinærundersøking, er blitt avliva på grunn av at det truleg har store smerter, for eksempel ved mistanke om beinbrot, og det i ettertid viser seg at skaden ikkje kan stadfestast av tilsynsveterinæren på slakteriet. I slike tilfelle kan du ikkje nytte eigenerklæring fordi ”skaden ikkje kan stadfestast av tilsynsveterinæren på slakteriet”.
Mattilsynet vil i slike tilfelle ikkje ha høve til å godkjenne det avliva dyret som mat til menneske.
Sjølve avlivinga skal skje på ein slik måte at dyret ikkje lid unødvendig. For avliving av hest, storfe, småfe, gris, fjørfe, kanin eller tamrein er det krav til at dyret skal avlivast ved bedøving og blodtapping. Dette betyr at profesjonell nødslaktar skal bruke eigna reiskap, for eksempel boltpistol av kraftig nok kaliber og med kraftig nok krutladning, til at dyret utan opphald mistar bevisstheita før nødslaktaren straks tappar blodet av dyret.
Avlivingsutstyret skal vere godt heldt ved like og reingjort slik at ein i størst mogleg grad unngår risiko for funksjonssvikt. I tillegg skal nødslaktar ha reserveutstyr tilgjengeleg i tilfelle funksjonssvikt likevel oppstår.
Sjå også artiklane
under kategorien 'Mattrygghet'.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: