Hald av dyr som visast fram på sirkus, må oppfylle generelle krav til omgang med og hald av dyr, og elles vere i tråd med dyrevernlova.
Mattilsynet må gi løyve til at dyra visast fram på sirkus. Søknad om dette sender du til Mattilsynet sitt distriktskontor i det distriktet kvar verksemda er registrert. Ved løyve til framvising er det krav om at de varslar Mattilsynet sitt regionkontor før sirkuset skal ha framsyningar i området.
Mattilsynet fører ein restriktiv praksis når det gjeld kva for dyreartar ein kan få løyve til å vise fram. Vanlegvis er det også eit krav at dyra blir heldt som husdyr i dei landa kvar dei naturleg høyrer heime. Løyva gjeld normalt berre for ein sirkussesong av gongen, og ein får løyve for eit gitt tal dyr og artar.
Krav til transport
Ved transport av sirkusdyr må temperaturen og luftkvaliteten i bilen du bruker til transport ha verdiar som er behagelege for dyra Transporttida må i utgangspunktet ikkje vere over 8 timar. Nærare reglar finn du i forskrift om transport av dyr, § 23.
Les meir i dyrevernlova §§ 2, 8, 11, 14 og 15
Relevante lenker
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: