Veiviser til regelverk for virksomheter

Godkjenning av transportørar av dyr

Om du skal ha transport av levande dyr som verksemd, må du ha godkjenning frå Mattilsynet. Transportørar kan godkjennast for transport av dyr på reiser som varer i inntil åtte timar, eller for reiser som også varer over åtte timar, såkalla lange reiser.

Som transportør er du ansvarleg for at dyra blir transportert i tråd med regelverket om dyrevern, og at berre tilsette som har fått tilstrekkeleg opplæring, får ansvaret for dyra.
 
Du må oppfylle somme vilkår for å kunne få godkjenning som transportør. Vilkåra er strengare for dei som skal transportere dyr på lange reiser enn for dei som berre skal transportere dyr i inntil åtte timar.

Viktigaste vilkår for godkjenning som transportør for reiser som varer inntil åtte timar:

  • Du må vere etablert i det landet du søkjer om godkjenning i
  • Du må vise at du har eigna personale, transportmiddel og driftsmetodar til å kunne overhalde regelverket
  • Du har ikkje gjort deg skyldig i alvorlege brot på regelverket om dyrevern dei siste tre åra

Viktigaste vilkår for godkjenning som transportør for lange reiser:

  • Du må oppfylle alle krav til transportørar som berre skal transportere dyr på korte reiser
  • Du må vise at sjåførane og dei som følgjer sjåførane dine har gyldig kompetansebevis
  • Du må vise at transportmidla dine har gyldig godkjenning frå Mattilsynet
  • Du må vise at du har system for korleis du kan spore og registrere dei transportmidla du har ansvaret for, og korleis du til ei kvar tid kan kontakte alle sjåførane
  • Du må vise at du har beredskapsplanar til bruk i nødssituasjonar
  • Om du skal transportere småfe, storfe, svin eller uregistrerte hestar, må du vise at du har navigasjonssystem på transportmidla

Mattilsynet godkjenner

Det er Mattilsynet som godkjenner transportørar i Noreg. For å få godkjenning som transportør, må du søkje på fastsett skjema, sjå nedanfor.
 
Godkjenninga er gyldig i maksimum fem år. Det skal alltid finnast ein kopi av godkjenningsdokumentet i transportmidla når desse er i bruk til transport av dyr. Transportørar frå andre EØS-land skal vere godkjent i det landet dei høyrer heime. Transportørar frå land utanfor EØS (tredjeland) skal også vere godkjent i eit EØS-land. 

Publikasjoner

Regelverk

Tilsynsmyndighet

Har du spørsmål, ta kontakt med:
Del med andre
Opprettet: Sist endret: Oppdatert av: Mattilsynet

Hold deg oppdatert i regelverket





























































  Fyll inn din epostadresse

Avbestill nyhetsbrev


Kontakt oss

kontakt@regelhjelp.no

815 48 222

  • Arbeidstilsynet
  • Statens hus
  • Prinsens gate 1
  • Trondheim

Etater bak nettstedet

  • Arbeidstilsynet
  • Strålevernet
  • Helsedirektoratet
  • Direktoratet for mineralforvaltning
  • Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif)
  • NSO
  • DSB
  • Mattilsynet
  • Nærings- og handelsdepartementet