Dyrevernlova stiller krav om at alle dyr som er i hald, skal ha tilgang til passande rom å vere i, fôr og stell, og vern mot sjukdom, unødig redsel og liding. Eit dyr som skal leve saman med menneske, må temjast, slik at samværet med menneske ikkje fører med seg frykt eller stress. Dyr skal ikkje bli utsett for store fysiske eller psykiske påkjenningar.
Dyr i hald skal ha tilstrekkeleg plass til å røre seg og utøve normal åtferd som leik, klatring eller graving. Temperaturen, lyset og luftkvaliteten eller vassmiljøet skal vere tilpassa dyret.
I tillegg skal fôr og vatn vere av ein slik kvalitet og mengd at nærings- og væskebehovet til dyret blir dekt. Dyra skal få tilstrekkeleg tilsyn og stell, som for eksempel klipp av negler, børsting for å unngå flokar i pelsen og reinsing av akvarium.
Dyr skal dessutan ha vern mot sjukdom, skade og parasittar. Sjuke dyr skal få behandling av kvalifiserte personar, og om nødvendig av veterinær. I nødstilfelle skal dyret avlivast på forsvarleg vis.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: