Utstyret til lasting og lossing av dyra skal vere forma, innretta og heldt ved like og brukast på ein slik måte at dyra ikkje kjem til skade eller blir utsett for liding. Dette gjeld også golvet. Særleg skal overflatene ikkje vere glatte, og det skal vere montert sidevern, slik at dyra ikkje kan rømme.
Du må kunne reingjere og desinfisere utstyret. Baklyftarar og etasjedekk skal ha barrierar som sikrar at dyra ikkje kan falle eller rømme under lasting og lossing.
Hellingskrav for ramper
Ramper skal ikkje ha eit større fall enn ein vinkel på 20 gradar, dvs. 36,4 prosent horisontalt, for svin, kalvar og hestar, og ein vinkel på 26 gradar 34 minutt, dvs. 50 prosent horisontalt, for sau og storfe (bortsett frå kalvar). Om fallet er brattare enn 10 gradar, det vil seie 17,6 prosent horisontalt, skal rampene vere utstyrte med eit system, for eksempel fotlister, som sikrar at dyra klatrar eller går ned utan risiko eller vanskar.
Det er ikkje tillate å:
- Slå eller sparke dyr,
- Utsetje særleg kjenslege delar av kroppen til dyra for press på ein slik måte at det fører til unødig smerte eller liding,
- Halde dyra løfta ved hjelp av mekaniske middel,
- Løfte eller dra dyra etter hovud, øyre, horn, bein, hale eller pels, eller handtere dei på ein slik måte at det fører til unødig smerte eller liding for dyra,
- Bruke elektrisk drivstav, piggstav eller andre spisse gjenstandar,
- Med vilje og vitande sperre vegen for dyr som blir drivne eller leia gjennom eit område der dyr blir handtert.
Oppbinding
Du skal ikkje binde fast dyr ved horn, gevir eller nasering, og du skal heller ikkje binde saman beina. Kalvar skal ikkje ha munnkurv. Einhova husdyr på over åtte månader, unnateke føl som ikkje er dressert, skal ha grime under transport.
Når du må binde dyr, skal tau eller andre festeordningar vere så sterke at dei ikkje slitast under normale transportforhold, og slik at dyra om nødvendig kan leggje seg ned, ete og drikke. Bindeordningar skal vidare vere slik konstruert at det ikkje oppstår fare for kveling eller skade, og slik at du raskt kan fri dyra frå bindeordninga.
Åtskild transport
Du skal som hovudregel handtere og transportere dyr åtskild når dei er av ulik art, kjønn eller vesentleg ulik storleik. Kjønnsmodne hingstar og rånar skal ikkje bli transportert i par eller grupper. Du skal transportere dyr med horn åtskild frå dyr utan horn. Ubundne og bundne dyr skal ikkje transporterast saman. Du kan gjere unntak om dyra det er snakk om er vante med å bli heldt lause saman i gruppe.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: