Ventilasjon, støv, støy, temperatur, luftfuktigleik og gasskonsentrasjonar skal vere innanfor grenser som er tilpassa dyra. På same måte skal lysforholda vere tilpassa dyra sine behov.
Du skal kontrollere alt automatisk utstyr som er viktig for dyra si helse eller velferd minst ein gong per døgn. Om du oppdagar feil eller manglar, skal du straks rette dei opp. Om det ikkje er mogleg å rette opp feilen, skal du setje i verk andre tiltak som sikrar helsa og velferda til dyra.
Om kunstig ventilasjon er avgjerande for luftkvaliteten i husdyrrommet, skal det vere installert alarmsystem som varslar om svikt i ventilasjonsanlegget.
Regelverk
-
Dyrevernloven § 4
-
Forskrift om hold av høns og kalkun, §§ 9, 10, 11, 12, 13, 14
-
Forskrift om hold av pelsdyr, § 3
-
Forskrift om hold av storfe, §§ 13, 14, 15, 16
-
Forskrift om hold av strutsefugl, §§ 7, 8, 9
-
Forskrift om hold av svin, §§ 12, 13, 14, 15, 16
-
Forskrift om velferd for hest, §§ 8, 9, 10, 11, 12
-
Forskrift om velferd for småfe, §§ 13, 14, 15, 16
-
Produksjonsdyrforskriften, §§ 8, 9
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: