Ved framkomst til eit EØS-land skal animalske biprodukt samt sæd, eggceller og embryo kontrollerast ved ein veterinær grensekontrollstasjon som er godkjent for kontroll av produktet.
Ved import av sæd, eggceller og embryo frå eit tredjestat skal alle sendingar bli kontrollert av ein offentleg veterinær på ein grensekontrollstasjon som er godkjent for kontroll av produktet.
Grensekontrollstasjonen skal gjennomføre:
- Dokumentkontroll
(Kontroll av helsesertifikat eller anna pålagt dokumentasjon som følgjer sendinga)
- Identitetskontroll
(Kontroll av om produkta stemmer overeins med dokument, land, verksemd)
- Fysisk kontroll av produkta
Etter at kontrollen er gjennomført, skal offentleg veterinær på grensekontrollstasjonen skrive ut veterinærdokumentet CVED på den måten som er bestemt i forskrifta. Det originale CVED-dokumentet skal følgje produktet til den endelege framkomststaden, som skal gå fram av dokumentet.
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: