Før innførsel av levande dyr til Noreg skal avsendaren sjå til at dyra er friske, slik at ein hindrar spreiing av smittsame sjukdommar.
Levande dyr som du tek inn til Noreg, skal vere undersøkt i avsendarlandet før sendinga. Som importør har du plikt til å sjå til at dyra du skal føre inn, oppfyller dei krava som går fram av helsesertifikatet.
Levande dyr må vere frie for sjukdommar før dei kan importerast til Noreg. Kva for helsekrav myndigheitene stiller til levande dyr er forskjellig etter kva dyreart du skal importere og er også avhengig av om dyret skal brukast til avl, produksjon, oppfôring eller slakt.
Bestemmingar finn du i desse delane av desse ulike forskrifta (Sjå lenker under):
- Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av storfe § 9, jfr vedlegg D og E
- Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av svin § 10, jfr vedlegg E og F
- Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av småfe § 18, jfr vedlegg B og D
- Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for import og eksport av Levande pattedyr, fugler, reptiler, amfibier, bier og humler §§ 15, jfr vedlegg G, § 20, jfr vedlegg D, § 30, jfr vedlegg E
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: