Du skal melde frå til Mattilsynet før du set i gang med hald av storfe, småfe, svin eller struts. Du skal også melde frå dersom du vil halde 200 eller fleire fjørfe eller fleire enn 10 hestar. Meldingane skal blant anna gi informasjon om driftsbygningane. Om du driv med hald av dyr, skal du også melde frå om bygningane er vesentleg endra og om andre endringar.
Kravet om melding gjeld før etablering eller overtaking av hald av dyr. Kravet gjeld berre storfe, småfe, svin, struts, 200 eller fleire fjørfe og fleire enn 10 hestar.
Du skal bruke Mattilsynet sitt meldeskjema, sjå nedanfor. Meldinga skal innehalde namn, føretaks - eller fødselsnummer, adresse, informasjon om bygningar, produksjonsform og kapasitet og kompetanse. Mattilsynet kan i meldeskjemaet krevje fleire nødvendige opplysningar om dyrehaldet.
Du skal også melde frå om nye driftsbygningar, vesentlege ombyggingar, om drifta held opp og andre endringar i opplysningane.
Publikasjoner
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: