Alle eigarar av storfe har plikt til å merkje dyra sine med godkjente øyremerke. Dei skal registrere bestilling av øyremerke og rapportere opplysningar om kvart enkelt individ til Mattilsynet. Storfeeigarar skal føre journal over alle dyra og ha oversikt over alle tilfelle av sjukdom og behandling av dyr.
Merking av storfe
Storfe som er født i Noreg, skal merkast med eitt gult merkje i kvart øyre før dei er 20 dagar gamle. Dyra skal likevel vere merkt før dei blir sendt frå dyrehaldet dei er født i. Om det er nødvendig av omsyn til drifta, kan du nytte annan farge enn gul. Du kan likevel ikkje nytte fargane kvit, lakseraud eller fargar ein kan forveksle med desse fargane.
Kvar gong dyr skal over til eit nytt dyrehald i Noreg, skal dei merkast med eit kvitt øyremerke innan 7 dagar etter framkomsten til det nye dyrehaldet. Det kvite øyremerket kjem i tillegg til det gule merket dyret fekk der det kom frå. Merket skal vere prega på førehand med identitetsnummeret til det nye dyrehaldet og eit nytt individnummer med fire siffer.
Krav til øyremerke
Øyremerka kal vere godkjent av Mattilsynet. Dei skal på førehand vere prega med denne informasjonen:
- Mattilsynet: MT
- Nasjonalitet: NO
- Dyrehaldet sitt identitetsnummer: 8 siffer
- Individnummer: 4 siffer
Informasjon utover dette kan berre førast på på innsida av øyremerka, for eksempel namn på eigaren.
Alle farger utanom kvitt og lakserødt, og farger som kan forvekslast med desse, er tillate.
Det skal gå minimum 10 år før eit individnummer kan brukast på nytt i same buskap.
Registrering av bestilling
Bestilling av merke skal registrerast i merkeregisteret til Mattilsynet. Dette er dyreeigaren sitt ansvar, men merkeprodusenten kan gjere det på vegner av dyreeigaren.
Rapportering til Mattilsynet
Opplysningar om dyr og hendingar i dyrehaldet skal du rapportere til det sentrale storferegisteret. Storferegisteret er eit individregister der du skal registrere opplysningar om kvart enkelt individ. Registeret er ein del av husdyrregisteret til Mattilsynet.
Eigaren av dyra har ansvaret for at registreringspliktige hendingar er registrert i Husdyrregisteret innan 7 dagar etter datoen for hendinga.
Følgjande hendingar skal du rapportere til Husdyrregisteret:
- Merking av nyfødde dyr:
- Dyret sitt unike identitetsnummer/opphavsmerke
- Merkedato
- Fødselsdato
- Kjønn
- Rase eller farge
- Identitetsnummeret til mor til dyret
- Flytting av dyr ut av dyrehaldet:
- Dyret sitt unike identitetsnummer/opphavsmerke
- Dato for flytting
- Opplysningar om produsentnummeret (eventuelt namn/kode for slakteri, livdyrhandlar) til dyrehaldet som tek imot dyret eller dyra
- Flytting av dyr inn i dyrehaldet:
- Dyret sitt unike identitetsnummer/opphavsmerke
- Dato for flytting
- Opplysningar om dyrehaldet dyret kjem frå sitt produsentnummer (eventuelt namn/kode for slakteri, livdyrhandlar)
- Dyret sitt individnummer i det nye dyrehaldet
- Dyr som døyr på driftseininga, unnateke nyfødt dyr som ennå ikkje er merkt:
- Dyret sitt unike identitetsnummer/opphavsmerke
- Datoen for når dyret døydde
Dyrehaldjournal
Den som held dyr, er ansvarleg for at det blir ført ein journal over alle dyr i dyrehaldet. Journalen skal du oppbevare i minimum 10 år, og den skal innehalde:
- det unike identitetsnummeret til kvart dyr
- fødselsdato, eller fødselsmånad og –år
- datoen dyret døydde, eller dato for levering til slakt, eventuelt månaden og året dyret døydde
- alle overføringar og andre flyttingar, permanente eller førebelse, inn og ut av dyrehaldet, og:
- namn og adresse på avsendar eller mottakar
- identitetsnummer til dyrehalda
- kor mange dyr som blir overført eller flytta
- dato for flytting
- det nye identitetsnummeret til dyret ved overføring til dyrehaldet
- andre situasjonar der dyr i dyrehaldet kjem i kontakt med dyr frå andre dyrehald, dato for slik kontakt og kva for dyr det gjeld.
- mottekne øyremerke
Helsekort
Den som held dyra, er ansvarleg for at det blir ført oversikt over sjukdom og behandling av alle dyr som til ei kvar tid er i dyrehaldet, også førebyggande helsearbeid.
Ved overføring til nytt dyrehald, skal helsekortopplysningar følgje med dyret.
Den som held dyret, skal ta vare på dyrehelsekortet i 10 år.
Relevante lenker
Regelverk
Tilsynsmyndighet
Har du spørsmål, ta kontakt med: